 |
Márta Sebestyen frå Ungarn vert omtala som den fremste
vokalisten innan folkemusikken i Aust-Europa. Ho er kjent for si unike
stemmeprakt og har samarbeidd med m.a. Muzsikás, Ungarns mest populære
gruppe internasjonalt, og den etnisk/eksperimentelle gruppa Deep Forest;
mange vil hugse "Márta`s Song", som var inne på hitlistene.
Ho er òg kjent for sterke vokalinnslag i filmen "Den engelske pasienten".
Marta har gjesta Telemarkfestivalen to gonger før, samt vore både på Vossajazz
og Førdefestivalen. Ho hentar ein del av repertoaret sitt frå Transylvania,
hjå den ungarske befolkninga i Romania. Márta Sebestyen har vore med på
fleire samarbeidsprosjekt – CD-ar og konsertar – med gruppa Vujicsics.
Vujicsics presenterer musikk frå austlege deler av Ungarn. Ein unik sør-slavisk
tradisjon frå serbiske og kroatiske samfunn gjennom hundreår, som viser
Balkan og Sentral-Europa som eit lappeteppe av multi-etniske grupper på
tvers av moderne statsgrenser. Gruppa har blåst liv i uerstattelige arkivopptak
og feltarbeid gjort av Béla Bartók.
Vujicsics består av Mihály Borbély (fløyter, dvojnice, klarinett,
saksofon, tambur, vokal), Miroszláv Brczán (tenor-tambur, kontrabass,
vokal), Gábor Eredics (trekkespill, tambur, karaduzen, vokal),
Kálmán Eredics (kontabass, tarabuka, vokal), Károly Györi (violin,
tambur) og Ferenc Szendrődi (diverse tambur).
|